Skileik for liten og stor
[imagemap]

Strålande ver nok ein dag. Ullsheim låg bada i sol då 500 skuleelevar fekk prøve skiarenaen sist fredag. Fred Børre Lundberg hadde fått startnummer 1868.
- Sikkert fordi eg hoppa så dårleg i Bjørkelibakken, lo Lundberg.

Borna stod i sentrum under skileiken. Alle fekk startnummer og måtte løyse høgst ulike oppgåver på vegen mot mål.

Først kasta ungane seg ut i ei lita langrennssløyfe med innlagde hopp. Seinare måtte dei kaste på blink og krøkje seg gjennom hinder som var sett ut. Så var det endeleg målpassering, med fortent diplom for alle som ein.

Utfordringane var store for dei minste, og ikkje heilt små for dei store heller. Både Anita Moen Guidon og Marit Mikkelsplass gjekk på baken i orgeltrampbakken. Kombinertløparen Halldor Skard jr. prøvde seg baklengs ned bakken. Heller ikkje det gjekk heilt bra.

Sitatstemning

- Midt i blinken, sa Hans Petter Galtung, som stod bak skileiken. Han hadde ikkje tal på kor mange elevar som var komne, men trudde det måtte vere fleire enn fem hundre.

Galtung priste seg lukkeleg over dei mange ungane som såg ut til å ha ei triveleg stund.
- I ei slik stund får eg lyst til å sitere Knut Hamsun: "Fremskritt - hva er det ? At vi kan kjøre fortere på veiene ? Nei, fremskritt det er legemets nødvendige hvile og sjelens nødvendige ro. Fremskritt er menneskets trivsel."

Kjelde:Fjordingen, måndag 29.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/29/96 22:36