Skuffande lokal innsats
[imagemap]

10 km fri teknikk, menn


Odd Bjørn Hjelmeset måtte ta til takke med ein skuffande 39.plass på sprinten.
- Eg var forferdeleg tung i kroppen, forklarte fylket sin beste løpar. Per Fridolf Hillestad kom på 43.plass.

Som venta vart det små tidsmarginar på sprinten. Per Fridolf var såleis "berre" minuttet frå 5.plass.
- Eg opna litt for hardt og fekk svi på slutten, fortalde løparen med sans for dei lange distansane.

Nils Heggdal kom på 83.plass. Også han har meir å hente på 5-mila. Det same kan trygt seiast om Johnny Seljeset.
- Eg har ikkje fart i kroppen til å hevde meg på sprinten. Det blir betre når eg får slite gjennom 5-mil, sa honndølen som enda som nummer 106. På plass nummer 111 kom Alfred Tytingvåg, medan Edvar Tvinnereim vart nummer 117.

Roger Lillestøl var den som kunne seie seg mest nøgd. Honndølen kom på 85.plass og ser fram til NM i skiskyting:
- Eg har vore i forferdeleg dårleg form i det siste. Løpet i dag var eit steg på rett veg.

Kjelde:Fjordingen, fredag 26.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/26/96 15:12