Klart for "storfuglane"
[imagemap]
Onsdag og torsdag er det spesialhopparane sin tur til å kjempe om NM-medaljar i Bjørkelibakken. Dei kjem direkte frå verdscup-suksess i Zakopane, der både Espen Bredesen, Eirik Halvorsen og Roar Ljøkelsøy stadfesta sin posisjon på lista over verdens ti beste hopparar.

Bjørkelibakken fekk mykje skryt under prøve-NM i fjor. Også kombinert-hopparane uttalte seg rosande om bakken, sjølv om det meste drukna i påstander om feil lengdedømming.

- Ein moderne bakke som skil godt, seier ekspertane. Under gode forhold vil ein kunne hoppe over 100 meter.

2000 skulebarn på plass

Det er venta storinnrykk frå skulane til hopprennet torsdag. Ikkje mindre enn 40 bussar skal frakte elevane til Bjørkelibakken. Det betyr at ca 2000 skulebarn vil vere på plass.

Trafikkansvarleg Torill Fjellvang seier dei står godt rusta til å ta imot publikum både på lagkonkurransen onsdag kveld og spesielt hopprenn torsdag.
- Onsdag vil det gå publikumstransport med buss frå Stryn sentrum. Torsdag er det ikkje oppsett slike bussar. Vi skal likevel klare å få publikum på plass i bakken. Det er bra med parkeringsplassar, og vi har skyttelbussar frå hovudvegen og opp til bakken, seier Torill Fjellvang og oppmodar alle om å vere ute i god tid.

Kjelde:Fjordingen, onsdag 31.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/31/96 00:09