Suverén og elegant!
[imagemap]

Marit Mikkelsplass kan bli NM-dronning

Like elegant som suverent sikra Marit Mikkelsplass (30) seg NM-tittelen på 15 kilometeren. I Ullsheimløypene imponerte Kjelsås-jenta stort. Ho leia frå første stavtak og auka heile tida til sin argaste konkurrent Bente Martinsen.

Det var ein glad norgesmeister vi møtte etter løpet:
- Dette var moro. I dag gjekk det verkeleg lett, sa Marit. Og løypene karakteriserte ho som "veldig fine og veldig krevjande".

Fem gull?

På spørsmål om løypa no ligg open for fem gullmedaljar under NM, svara ho nøkternt:
- Det er også andre jenter som kan gå fort på ski. Og ho minte om at både Anita Moen og Trude Dybendahl stod over den første NM-distansen.

NM-dronning

Men faktum er at Marit Mikkelsplass hittil i sesongen har til gode å bli slegen av nokon norsk løpar. Ingen vert overraska om ho blir den store NM-dronninga i Stryn.

Utanfor landslaget

Marit står utanfor landslaget i år. Ho legg ikkje skjul på at ho trivst med å trene åleine. At ho heilt sidan i sommar har prioritert trening med ski på beina, har heilt klart gjeve resultat. Ingen tvil om at Marit Mikkelsplass har sine ord i behald når ho seier at ho denne sesongen har vorte betre skiløpar. Vi er spent på fortsettelsen!

Kjelde:Fjordingen, måndag 22.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/22/96 19:40