Odd Bjørn Hjelmeset tok bronse på 5-mila
[imagemap]

50 km menn

Under voldsom jubel frå eit svært entusiastisk Ullsheim-publikum sikra den lokale favoritten Odd Bjørn Hjelmeset seg bronse på den avsluttande 5-mila i går. Gullet gjekk oppskriftsmessig til Erling Jevne.

Femmila vart den folkefesten mange hadde håpa på. Trass i at våre to-tre beste milslukarar ikkje stilte til start, fekk dei 3.000 som omkransa løypene og skistadion, mykje å gle seg over.

Avslutta sterkt

Først og fremst var det Odd Bjørn Hjelmeset frå Fjellhug/Vereide sin første NM-medalje som fekk jubelropa til å gjalle langs NM-løypa. Etter å ha lege på 6.plass ved første runding (10 km), gjekk den godaste Odd Bjørn seg stadig oppover på listene - runde for runde.

Etter 40 km låg han på fjerdeplass fire sekund bak nr.3 Øystein Rønbeck. I mål bikka det ni sekund i nordfjordingen sin favør.

Stor stemning

- Dette var moro. Eg tok i det eg makta heile tida. Det var utruleg med folk og voldsomt med heiing langs løypa, sa bronsemedaljør Hjelmeset etter innkomst.
- Alt klaffa i dag!

Frå før har Odd Bjørn ein 9.plass som si beste plassering i NM. Så dette var ein stor dag, og publikum visste verkeleg å verdsetje den sterke prestasjonen.

Nøgd Per Fridolf

Av dei andre nordfjordingane var det Per Fridolf Hillestad, Markane IL, som gjorde det best.
- Formen kjennest bra. Eg håpar å kome inn blant dei 20 beste, sa Per Fridolf til Fjordingen like før start. Og sogningen heldt ord. Godt nøgd kunne han konstatere at han var nettopp nr.20 i den harde konkurransen.
- Eg sleit litt på andre og tredje runden, men elles gjekk det fint, var Per Fridolf sin kommentar etter løpet.

Glad vinnar

Erling Jevne sikra seg sitt tredje individuelle NM-gull på 5-mila. Milslukaren frå Øyer har tidlegare i år vore mykje plaga av sjukdom. Men i går losna det endeleg.
- Det har gått rette vegen under heile NM, sa Jevne på pressekonferansen etter løpet.
- Men eg var usikker på om eg hadde opna maratondistansen for tøft og ville gå på ein sprekk. Heldigvis heldt eg heilt inn til mål, sa den glade norgesmeisteren. Som også sette stor pris på den store stemninga publikum var med på å lage denne jubeldagen.

Kjelde:Fjordingen, måndag 29.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/29/96 21:12