Tom Sandberg storkosar seg i Bjørkelibakken
[imagemap]

- Anlegget er kjempebra. Arrangøren har tenkt nøye gjennom korleis dei ynskjer seg anlegget. Alt er godt førebudd, og det er kanskje kva vi mest kan ta lærdom av framfor neste års NM i Mo i Rana. Eg kan ikkje sjå nokon ting som dreg ned inntrykket av dette anlegget.

Det var ein usedvanleg positivt innstilt Tom Sandberg som måndag tok Bjørkelibakken i augesyn for første gong. Den tidlegare verds- og olympiameisteren i kombinert starta synfaringa på aktivitetssenteret og avslutta ho på toppen av stillaset.

- Sporet kan halde seg

Også for arenasjef Per Egil Steinsåker og rennleiar Ola Ødegård var det mange gode tips å få frå botnen til toppen.

Kombinertløparane startar den offisielle treninga onsdag. Torsdag er det lagkonkurranse i kombinert med hopp og seinare langrenn. Den individuelle konkurransen vert avvikla laurdag.

- Eg ser ikkje vekk frå at sporet i tilløpet kan halde seg under heile NM om det ikkje vert for mildt. Det er dei punkta der trykket på skia er størst som er mest utsett, og kanskje må ein ta vekk nokre skarpe kantar for bindingane si skuld, sa Sandberg på veg oppover unnarennet.

- Sette fart i kombinertsporten

Det var nok ikkje fritt for at det kribla i beina til vårt tidlegare kombinertess. Utanom dei nemnde internasjonale stortriumfane har Sandberg 9 norgesmeisterskap som senior, to juniornorgesmeisterskap og ein triumf i guteklassen å sjå attende på. I 1974 vart han tidenes yngste Kollen-vinnar som 18-åring.

På mange måtar har Rana-guten kanskje vore den viktigaste personen for norsk kombinertsport dei siste 20 åra. Frå Tormod Knutsen i 1964 og fram til Sandberg-epoken var det tynt i norsk kombinertsport. Etter Sandberg fekk vi nye triumfar ved Torbjørn Løkken, Trond Einar Elden og Fred Børre Lundberg.

- Mitt bidrag var i første rekkje sterkare mediafokusering på kombinertsporten. Dette førte også til sterkare økonomisk stasing som til slutt førte oss til toppen på ny, seier han.

Neste års NM-arrangør

Tom Sandberg er leiar av hovudkomitèen for kombinert under neste års NM i Mo i Rana. Det er "Polarsirkelen Ski" som er arrangør, ein paraplyorganisasjon der Mo Skilag og Bossmo Yttern utgjer den idrettslege tyngda med solid støtte frå heile Mo i Rana.

- Vi er 15 personar som vitjar arrangørane i Stryn i løpet av NM-perioden. Vi ynskjer å suge til oss både positive og negative erfaringar, og så langt har eg sett mest positive ting, seier Sandberg. Ein ting har han iallfall fått påminning om: Viktigheita av rikeleg snødepot!

Kjelde:Fjordingen, onsdag 24.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/25/96 00:52