Tormod med ros til anlegga
[imagemap]

- Eg er imponert over kva desse laga i Stryn har greidd å få til. Sjeldan har eg møtt slik entusiasme som her. Bjørkelibakken må vel vere det ein nærast kan kome ein moderne bakke.

Det var Tormod Knutsen, olympiameisteren i kombinert frå Innsbruck i 1964 som kom med desse orda under kombinertavslutninga sist laurdag. Han var også imponert over det sportslege nivået. Dette er den beste reklame for kombinertsporten! Han fekk full støtte av OL- og verdsmeister Tom Sandberg som representerar neste års NM-arrangør.

Kjelde:Fjordingen, onsdag 31.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/31/96 01:42