- Alle som vil skal få sjå NM
[imagemap]

- Det er første gongen vi har eit NM her i fylket, og vi ventar at publikum både frå vårt eige fylke og nabofylka, sluttar opp om tilskipinga. Vi har lagt opp til parkering ved begge arenaer også for publikum, seier trafikkansvarleg Rune Hetle, som er i ferd med å sy saman opplegget for korleis folk skal kome seg til NM-tevlingane på lettaste måte.

Vi reknar med størst trafikk i helgane, og Nordfjord og Sunnmøre Billag kjem til å ha bussar for publikum både til Vangen og Ullsheim. Under kombinerttevlinga laurdag 27, der også Kong Harald vert tilstades, blir det buss også mellom hoppbakken og langrennsarenaen. Bussane skal i hovudsak gå frå terminalen i Stryn, og bussar som kjem andre stader frå vil sjølvsagt få høve til å køyre passasjerane heilt fram og kome attende for å hente dei, seier han, og minner om at folk som kjem til Stryn med eigne bilar gjerne må ta buss frå sentrum.

- Vi legg opp til at funksjonærane skal kunne rettleie best mogeleg, og eg skal prøve ei liste med gode råd: Bruk dei oppsette publikumsbussane, rekn deg god tid, brukar du eigen bil så prøv å samle dykk fleire i ein bil, grupper kan vurdere buss eller minibuss (ta kontakt med Nordfjord og Sunnmøre Billag i god tid), fylg rettleiing frå politi og funksjonærar både på tilførselsvegane og på parkeringsområda, og heilt til slutt: Sjå etter informasjon i avisene i tida fram mot tilskipinga. Vi skal kunne ta i mot alle som ynskjer å kome - det gjeld begge anlegga, seier Hetle og ynskjer alle interesserte velkomne til NM.

Kjelde:NM-avisa '96, Fjordingen



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01