Tre stavbrot for Hillestad
[imagemap]
Per Fridolf Hillestad, Markane har ikkje akkurat hatt flaks på heimebane så langt under NM. På 3-mila braut han ein stav og tapte verdfull tid. I går var uhellet nok ein gong ute:
- Eg datt i ein sving og braut begge stavane. Måtte såleis gå ein bakke på 200 meter utan stavar før eg fekk nye. Då det skjedde, låg vi på 16.plass, og eg vart passert av 5-6 løparar, fortel Per Fridolf.

Ein sterk 22.plass til Markane var likevel sterkt. Særleg når vi veit at også Johnny Seljeset gjekk overende:
- Eg tapte farten, men det høyrer med å halde kontrollen. Det er ein del av "gamet", sa Johnny.

Fjellhug/Vereide, med Per Knut Aaland på 2.etappe, har ingen grunn til å skjemmast etter 16.plassen. Per Knut fekk den 26.beste etappetida av 51 løparar. Ikkje dårleg av ein 41-åring!

Kjelde:Fjordingen, måndag 22.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/22/96 19:05