Ulvangs (G)Ullsheim
[imagemap]

15 km klassisk jaktstart, menn


To NM-gull på to dagar. Ullsheim har vorte Vegard Ulvang sin gullarena. Publikumsfavoritten som har sikra seg ei rekkje VM- og OL-medaljar av alle valørar, tok i går sitt niande NM-gull under jaktstarten (15km).

Det vart ein ny, stor - og ikkje minst strålande fin - NM-dag på Ullsheim. Tett i tett med skuleborn i alle aldrar skapte ei yrande og fargerik stemning langs løypa. Med flagg og heiarop vart dette ein festdag utan like under januarsola. Tilhøva for både publikum og løparar var rett og slett glimrande.

Aldri tvil

Vegard kontrollerte det meste denne dagen. Sjølv om dei næraste løparane bak nærma seg på slutten, var det aldri nokon tvil om kvar sigeren ville hamne.

- Kunne du berre trygge sigeren?
- Nei, eg tok i det eg klarte. Eg hadde godt feste under skia, men ikkje topp gli. Men på slutten tok eg ingen sjansar. Løypa var heilt fin!

Moro

Den doble norgesmeisteren på Ullsheim la ikkje skjul på at det var moro å vinne to NM-gull på to dagar. Med denne suksessen vurderer han å stå over 5-mila søndag med tanke på komande verdscupkonkurransar.

Overraska

Den store overraskinga på jaktstarten stod Frode Estil (23) frå Byåsen for. Han gjekk seg fram frå 8.plass, snytte Sture Sivertsen for sølvmedaljen og hadde dagens beste tid på 15 km. Før årets NM var ein 12.plass i fjor hans beste meisterskapsplassering. Anders Eide var også lenge med i medaljekampen, men eit fall gjorde at han hamna lenger bak.

Bronsemedaljør Sture Sivertsen sin umiddelbare kommentar etter målpassering:
- I dag gjekk det fort. Det var kjempefint å gå. Sture blir nok saman med Erling Jevne den store 5-mils favoritten søndag.

Labert

Odd Bjørn Hjelmeset revansjerte seg litt frå den skuffande innsatsen onsdag. I går hadde han 10.beste tid og gjekk seg fram til ein 18.plass totalt.

- Eg var sliten i andrerunden men greidde å ta meg inn att til avslutninga. Dette løpet sat bra, men heilt toppfornøgd er eg ikkje, sa Hjelmeset.

Per Fridolf Hillestad gjekk seg fram tre plassar og vart nr.40. Ingen spesielt stor dag for Per Fridolf, som i går hadde 46.beste tid totalt.

Kjelde:Fjordingen, fredag 26.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/26/96 14:43