Utklassingssiger til Buskerud
[imagemap]

Hopp lagkonkurranse

Etter at Frode Håre landa på 63,5 meter i første hoppet, såg det mørkt ut for Buskerud sine sjansar. Men ungguten slo tilbake med kveldens beste hopp i 2.omgang. Dermed kunne lagkameratane Clas Brede Bråthen, Sturle Holseter og Eirik Halvorsen juble over ein velfortent gullmedalje.

I lagkonkurransen er alle åtte hopp teljande. Normalt skulle Frode Håre sitt nedslag på kulen ha sendt Buskerud ut av kampen mot Sør-Trøndelag sin stjernekvartett Arve Vorvik, Bjørn Myrbakken, Tommy Ingebrigtsen og Roar Ljøkelsøy. Men verdensmeister Ingebrigtsen var faktisk endå dårlegare. Han fekk 3.dårlegaste poengsum

Forholda var litt ujamne i første omgang. Det kan vere litt av forklaringa på at det svinga så sterkt. Espen Bredesen måtte t.d. nøye seg med 82,5 meter. Eirik Halvorsen som i prøveomgangen strekte seg til 97,5 meter, slo av til 89,5. Lengst var faktisk Hedmark sin Ole Martin Frydendahl med 92,5 meter.

Kvaliteten steig fleire hakk i andre omgang. Frode Håre fekk best poengsum etter sitt hopp på 94 meter, men vart straffa på lengda av Roar Ljøkelsøy 95, Arve Vorvik og Øyvind Berg med 94,5 meter. Espen Bredesen synte litt av lange takter med eit svev på 92 meter til tre gongar 19 i stil.

Sør-Trøndelag tok sølvmedaljen. Dei var 5 poeng betre enn Akershus med Lasse Ottesen, Svein Otto Solberg, Marius J Småriseth og Øyvind Berg på laget. Opplandkvartetten Kjell Johnny Hagen, Tom Sandvold, Jostein Smeby og Kristian Brenden tok 4.plassen halvpoenget framom Oslo sitt lag Henning Wold, Peder Simonsen, Kent Johanssen og Espen Bredesen.

Sogn og Fjordane langt bak

Kva så med Sogn og Fjordane. Magne Kongsvik, Trond Gjetland, Ronny Heggen og Jarle Molland enda på 11. og siste plass. Kongsvik mislukkast totalt med hopp på 50 og 50,5 meter. Gjerland var litt betre: 50,5 og 63 meter. Honndølen Ronny Heggen fekk 64,5 og 71 meter, medan Molland markerte seg positivt med hopp på 82,5 og 84 meter. Hafslo-guten som bur i Trondheim, hadde faktisk dagens 14.beste poengsum.

Kjelde:Fjordingen, fredag 02.02.96



© Dravle & Klubb 1995-96
02/02/96 22:22