Vegard tilbake på toppen
[imagemap]

10 km fri teknikk, menn


Vegard Ulvang kan framleis gå fort på ski. Det synte han ved å vinne 10 km med 27 sek. margin til sprinteren Egil Kristiansen.
- Det var skikkeleg moro i dag. Eg følte eg gjekk eit godt løp og set stor pris på NM-tittelen, uttalte den populære vinnaren.

Vegard er ein av våre mestvinnande langrennsløparar. På veggen heime i Kirkenes heng mange OL-, VM-, og NM-medaljar. Likevel smakte gullet på Ullsheim godt.
- Ja, eg er veldig glad for denne sigeren, sa publikumsfavoritten som har fått sin del av skadeproblem sidan glansdagane i ALbertville.

På pressekonferansen kom det uunngåelege spørsmålet:
- Er du norges beste løpar på 10 km fristil?
- Ja, eg er best av alle dei som våga å stille opp her i dag, parerte han elegant.

Stortrivst i Hornindal

Vegard har hatt fine dagar som gjest hjå Kirsten og Per Knut Aaland.
- God vestlandsmat var det som skulle til for at eg skulle gå fort på ski, spøkte han. Under opphaldet i Hornindal er det blitt tid til trening og sosiale aktivitetar.

- Merkelegaste eg har opplevd

Også under pressekonferansen kom journalistane inn på dei to stavbrota på 3-mila laurdag.
- Det er det merkelegaste eg har opplevd. Eg sat i hockey og plutseleg var staven av. Det same skjedde på 2.runden. Eg forstod ingen ting. Men etterpå viste det seg at staven hadde treft kanten på eit rør to gongar på nøyaktig same stad.

Kjelde:Fjordingen, fredag 26.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/26/96 15:02