Vegard Ulvang 3-milskongen
[imagemap]

Vegard Ulvang har vunne 3-mila seks gonger sidan 1988. Berre i 1990 (Kristen Skjeldal) og 1994 (Bjørn Dæhlie) let han seg slå. Sjølv om plasseringane hittil i sesongen har vore noko ujamne, stiller Vegard i fremste favorittrekkje på Ullsheim i morgon.

134 løparar er påmelde til opningsdistansen i NM'96. Når Bjørn Dæhlie står over, vil nok dei fleste tipsa gå i retning Thomas Alsgaard. OL-meisteren frå Lillehammer har alt i alt vore den nest beste norske løparen så langt i sesongen. Men som sagt; Vegard Ulvang kan 3-mil betre enn nokon.

Per Fridolf Hillestad er den lokale favoritten. Han synte oppløftande takter i Sykkylvssprinten sist helg. Markane-løparen har fleire gonger vist at han kan dette med å prikke inn toppforma. Men dei største sjansane har han nok på den avsluttande 5-mila.

Kjelde:Fjordingen, fredag 19.01.96

Tidlegare vinnarar



© Dravle & Klubb 1995-96
01/15/96 22:01