Vel blåst, Stryn!
[imagemap]

NM-opning mot dei fleste odds

Då trompet-munningane lyfta seg med NM-fanfare mot ein kveldsmørk Stryn-himmel, skjøna alle på Per Bolstad Plass at sjølv vérgudane kjempar fånyttes mot innbitne stryningar. Fredag opna NM på ski, mot nesten alle odds.

For opninga kunne like gjerne ha vore på Lillehammer - uansett kva dei største optimistane vil seie imot ein slik blasfemisk påstand. Sjølv flaggheisinga føydde seg inn i rekkja av små og store problem NM-arrangørane har hatt å bale med den siste tida: På grunn av eit såkalla "transportproblem", hadde ikkje flagga til Skiforbundet kome fram til opnings-seremonien i tide. Dermed fekk flagget til Stryn kommune den mellombelse æra av å hengje på ei av dei fire flaggstengene.

Den andre meisterskapen

Mest av alt var opninga ei takk til alle som har ofra seg for å gjere Stryn NM-klar. Ordførar Oddvin Drageset snakka om "den andre meisterskapen" som no skulle ta til. I tankane hadde han sjølvsagt den "første meisterskapen", den tilsynelatande umogelege kampen som vart utkjempa av frivillege løype-doktorar med snøskuffer og aldri sviktande innsatsvilje. Skipresident Jan Jensen ville også vere med på takke-lista. Han rosa arrangørar og frivillege for "heroisk innsats", og vona at kjensla av fellesskap ville halde seg.

Gode førsbilete

At NM er meir enn kamp om plasseringane, var bodskapen i dei orda Per Fridolf Hillestad (27) kom med mot slutten av seremonien. Viktigast, i følgje Per Fridolf, var det for idretts-utøvarane å vere gode førebilete. Berre slik kunne dei føre den norske ski-tradisjonen vidare.

Eg trur publikum var ebige med Per Fridolf. I alle fall song dei fleste både høgt og klårt, då opninga runda av med "Ja, vi elsker". Nokre tok til og med av seg huene....

Kjelde:Fjordingen, måndag 22.01.96



© Dravle & Klubb 1995-96
01/22/96 17:54