Ullsheim
[imagemap]


!Generelt om Ullsheim

Skianlegget Ullsheim (350 m.o.h.) ligg i Markane, 16km frå Stryn sentrum. Markane IL, og denne klubben sine medlemmer byrja utbygginga i 1977 med ei 3km lang lysløype.

Frå 1982 då lagshus med garderober osv. blei utbygd, har det fram til idag vore ei utbygging, som no har resultert i at skianlegget Ullsheim har status som fylkesanlegg både for skiskyting og langrenn.

Skianlegget Ullsheim er eit moderne anlegg for skiskyting, bl.a. med lys på sjølvanvisande skiver.

Ullsheim er utgangspunktet for eit ypperleg turterreng og Markane IL preparerer ca. 40km turløyper i området mellom Ullsheim og Stryn. Det er og tilrettelagt område for skileik mellom anna med hoppbakkar på K-7, K-10 og K-15.

Dei faste løypetrasèane for trening og konkurranse er finplanert og kan nyttast på lite snø. Alle løypene stettar også krava til FIS. Det er parkeringsplassar for ca 500 bilar i området. Verdien på Skianlegget Ullsheim er på kr 12,3 mill. ferdig utbygd, og det er nedlagt meir enn 25.000 dugnadstimar.


!NM-øvingar på Ullsheim

NB! Telefonnummer til Ullsheim: 57 87 12 11, fax:57 87 22 35

laurdag 20.1

søndag 21.1 onsdag 24.1 torsdag 25.1 fredag 26.1 laurdag 27.1 søndag 28.1


© Dravle & Klubb 1995-96
14.12.95 14:50