Veten IL
[imagemap]

Veten Idrettslag er eit av dei tre laga som skal arrangere NM på ski 1996.

Veten IL har medlemmar frå dei to bygdelaga Fjelli og Blakset. Det er lange tradisjonar for skiidrett i dette området. Bla var det i 40- og 50-åra eit sterkt hoppmiljø. Det var mange små hoppbakkar i rundt i bygdene, bla Ullbergbakken der det har vore arrangert årlege hopprenn heilt fram til i dag. Det var difor naturleg at NM-hoppbakken vart lagt til dette området.

Bjørkelibakken er ein, av naturen, svært fin og skjerma hoppbakke. Den er ein del av Vangen Aktivitetssenter som også, anna kvart år, er innkomstarena for Holmøyskarrennet. Det er eit ca 25 km langt turskirenn som går frå Markane og til Fjelli/Randabygda. Det brukar å vere ca 700 deltakarar på dette rennet som blir arrangert palmesøndag kvart år.

I den seinare tid har Veten IL bemerka seg i stor grad innan orientering. Det er blitt fleire kretsmeisterskap til klubben. Veten IL har også arrangert Nordvest Galoppen som er ei stor mønstring av orienteringsløparar frå heile Noreg og også utlandet.

Dei siste par åra har klubben også fostra fleire svært lovande langrennsløparar i juniorklassane. Elles har klubben også vore svært aktiv i Noregs Idrettsforbund sine Idrettsmerkeprøver.



© Dravle & Klubb 1995-96
14.12.95 14:50